LanguageEnglish A A A
Rokkansenteret ISF

Senter for forskning på sivilsamfunn & frivillighet

Ressurser

Det nye organisasjonssamfunnet

Demokrati i omforming


2002:205 Det nye organisasjonssamfunnet
Bergen: Fagbokforlaget (2002)
ISBN print: 9788276748109


Emneord

Sivilsamfunn
Demokrati
Frivillige organisasjoner
Individualisering


Boka er ei analyse av utviklinga i det lokale organisasjonssamfunnet med hovudvekt på perioden etter 1980. Boka syner at årtusenskiftet representerer eit tidsskilje for frivillig organisering i Noreg: Det markerer sluttpunktet for folkerørslene sin dominans i det norske organisasjonssamfunnet.

Veksten skjer no i meir uforpliktande og uformelle aktivitetar retta mot nærmiljø, kultur og fritid. Organisasjonssamfunnet går frå å vere konfliktorientert og samfunnsretta til å bli konsensusorientert og medlemsretta. Det nasjonale og lokale nivået i organisasjonssamfunnet lever i aukande grad kvar sine liv.

Forfattarane argumenterer for at desse endringane er knytte til utviklingstrekk elles i samfunnet, ikkje minst til auka individualisering, endringar i kjønnsrollene og teknologiske endringar. Det lokale organisasjonssamfunnet speglar samfunnet i stort.

Men samspelet mellom organisasjons- og samfunnsendring går begge vegar: Kva type organisasjonar den einskilde er villig til å engasjere seg i, og korleis ein ønskjer å delta, har konsekvensar for kva sivilsamfunn og demokrati vi får. Dei endringar som no skjer, er så omfattande at det kan vere rett å tale om eit demokrati av ny type.